1. Ros aldri nokon – tei dei heller i hjel.
2. Dersom du ikkje kan dolke nokon i ryggen, så prøv å skyte dei på langt hald.
3. Dei som teier likar ikkje det du gjer – det gjer heller ikkje dei som roser deg.
4. Det er farlig å tenkje nytt. Ein ettendøl gjorde det for 300 år sidan – han er dau no.
5. Ingen krone er så godt anvendt som den andre ikkje har tjent.
6. Andre folk er til for å baksnakkast.
7. Gløy aldri gamal urett – borna dine skal også ha noko å gle seg over.
8. Ingen som snakker er ettendøl – berre dei som pratar. (Dersom alle forfedrar har levd heile sitt liv i dalen sidan før Svartedauen)
9. Alkohol og andres ulykke er einaste grunn til glede.
10. Stol aldri på nokon – aller minst deg sjølv.
11. Alle som kjenner nokon som kjenner nokon som kjenner nokon i Oppland Bygg & Anlegg AS er inhabile.